Stords beste bumiljø for godt vaksne

Delikate og lettstelte leilegheiter du kan bu i så lenge du vil, kombinert med trivelege og sosiale fellesområde du kan oppsøka når du sjølv føler for det: I Prestegardstunet på Tyse skal me skapa eit fantastisk bumiljø for vaksne som, i tillegg til eigen kvardag, ønsker fellesskap med menneske i same livssituasjon!

Om Prestegardstunet

Prestegardstunet i Tysemarkjo tilfører bustadmarknaden på Stord nye og unike kvalitetar, gjennom eit velprøvd konsept som er skreddarsydd for folk over 50. Tunet representerer ein heilt ny tenkemåte rundt seniortilværet: Her får du ikkje berre ein ny heim, du får òg tilgang til dedikerte fellesområde som gir deg eit sosialt fellesskap med nye og kanskje gamle vener i same alder.

Trygge, praktiske og delikate leilegheiter

Tunet vil bestå av tre samanhengande bygningar med totalt 40 innbydande og praktiske leilegheiter i storleiken 49 til 90 kvadratmeter, alle med terrasse/balkong og eitt eller to soverom. Leilegheitene kvalifiserer for Husbankfinansiering. Byggestart er planlagt i august 2024, med 12 månaders byggetid.

Daglegstova med peis og lyse flater
Foto: Pernille Haukvik

Fellesstova – hjarta i tunet

I første etasje i midtbygget finn du fellesstova – sjølve hjarta i Prestegardstunet. Med sine ulike soner, er dette den sosiale samlingsplassen for alle i sameiget.

Her legg den lune peisestova til rette for korte og lange kaffidrøsar, anten det er vêr og vind som er tema, eller meir omfattande verdsproblem som skal løysast. Kanskje finn du og naboen roa med kvar sitt strikketøy framfor peiselden?

Det koselege allrommet inneheld både eit ope og moderne felleskjøken, gedigent langbord med plass til mange, og fleire små og store sitjegrupper. Her kan du og naboar skapa felles hyggestunder over ein god middag eller eit brett vaflar, kanskje akkompagnert med tonar frå det flotte flygelet? Allrommet innbyr samtidig til eit vell av aktivitetar som ikkje krev «kokkelering». Her kan ein samlast til quiz-kveldar, kort- og brettspeling, eller kanskje heia fram eit nytt OL-gull?

Skal du traktera mindre lag, gir den separate spisestova ei flott ramme med bordplass til ti gjester. Her har du òg eit framifrå lokale til mindre møte.
I det romslege og velutstyrt treningsrommet kan du køyra på med dagens trimøkt, anten åleine eller saman med andre. Treningsrommet fungerer også ypparleg til yogasamlingar og andre aktivitetar.

Har du behov for eller berre lyst på litt ekstra pleie, la gjerne behandlarane koma til deg! Vis-à-vis treningsrommet får du tilgang eit eige behandlingsrom som kan nyttast av frisørar, fysioterapeutar, hud- og fotpleiarar mm.
I tilknyting til fellesstova finn du også gjesterommet til sameiget. Her kan du booka plass og innlosjera overnattingsgjester i eit innbydande og fullt utstyrt «hotellrom» med eigen terrasseplatting.

Husverten er her for deg!

Er du i stuss om korleis du stiller inn det nye ventilasjonsanlegget så du får akkurat den komforten du vil ha i leilegheita di? Får du familie på besøk og skulle ha booka gjesterommet for nokre netter? Lurer du på kva tid behandlingsrommet er ledig for fotterapeuten din? Skulle du kanskje hatt litt hjelp til å tromma saman ein golfrunde med naboane, eller prøvesmaking av årets pinnakjøt oppunder jul? Eller treng du berre ein hyggeleg person å slå av ein kjapp prat med mens du ventar på drosjen?

I Prestegardstunet får du din eigen husvert, som er her for å hjelpa deg med alt dette – og mykje meir. Verten eller vertinna blir den varme, gode medspelaren som skal gjera innflyttinga di så smidig som mogleg, ta seg av organisering og stell av fellesområda, vera initiativtakar og tilretteleggjar for felles aktivitetar (iallfall den første tida), og ikkje minst vera ein ressursperson som er der om du skulle trenga litt hjelp med små og store praktiske ting i kvardagen. Om fellesstova er hjarta i tunet, er husverten den som bidrar til god kvilepuls – både på privaten og fellesen.

Flotte uteområde

Eit skikkeleg tun krev eit godt uteområde, og solrike Prestegardstunet er ikkje noko unntak.

Utanfor fellesstova blir det etablert ein flott, frodig og vestvendt hage med gode utemøblar. Dette blir ein perfekt stad å nyta felles måltid eller berre ein kaffikopp på varme godversdagar.

Hagen blir òg ein god stad for aktivitetar, både for store og små. Her kan du bryna ferdigheitene dine på eigen petanque-bane, leika med barnebarna, eller kanskje utfordra naboen i eit slag krokket utpå plenen?

I Prestegardstunet har du dessutan gode vilkår for dyrka vidare på interessa for det som spirer og gror. Hagen i Prestegardstunet har nemleg både drivhus og rom for kjøkkenhage, der dei grøne fingrane dine kan ta seg ut. Kanskje er det dine rørte jordbær som blir serverte saman med lappekakene når naboar møtest ute ein flott sommardag?

Godt med parkeringsplassar og eit oversiktleg veganlegg sørger for ryddig og trygg trafikkavvikling – både for bebuarar og besøkande. Ved kjøp av leilegheit, har du høve til å sikra deg eigen carportplass og/eller elbilladar som tilval.

Sameiget har bil – så du slepp

Vil du spara kostnader ved å kvitta deg med bilen? Har du kanskje gjort det allereie? Uansett, vil det truleg dukka opp situasjonar der du tenker at «no hadde det vore jysla praktisk med tilgang til bil». Kanskje du skal handla litt ekstra til eit hyggeleg lag, møta ein kompis til fjelltur, henta ein uhamsleg pakke, eller ha med deg barnebarnet heim etter trening på Vikahaugane?

I Prestegardstunet har me tenkt på dette òg. Derfor disponerer sameiget elbil med god rekkevidde, som alle kan nytta seg av. For å reservera bil til ditt gjeremål, vender du deg ganske enkelt til husverten og bookar eit ledig tidspunkt.

Oversiktsbilete av daglegstova med bileter på vegg
Foto: Pernille Haukvik

Det beste frå by og land

I Prestegardstunet kan du leva urbant og landleg på same tid. Her bur du i ei flott og moderne leilegheit, med butikk, post, golfbane og idrettsanlegg like i nærleiken – og berre ein kort køyretur til Vikjo og Heiane. Samtidig har du luft og rom rundt deg, rikeleg med sol om veret spelar på lag, og kort veg til natur og friluftsliv i skogen, fjellet eller ved sjø og ferskvatn.

Med plasseringa aust i det veletablerte bustadfeltet i Tysemarkjo, blir Prestegardstunet del av eit livleg og variert nærmiljø der alle generasjonar er representert. Det er kort veg til skular og barnehagar, om det er din tur til å følgja eller henta dei yngste i familien. Her ligg alt til rette for ein aktiv, men samtidig avslappa kvardag – heilt fri for plenklipping, måling, snømoking og andre vedlikehaldsplikter knytt til hus og hage.

Interessert?

Kontakt Randi Beate for meir informasjon og påmelding til nyheitsbrev: