Velkommen til Prestegardstunet
Prestegardstunet i Tysemarkjo tilfører bustadmarknaden på Stord nye og unike kvalitetar, gjennom eit velprøvd konsept som er skreddarsydd for folk over 50. Tunet representerer ein heilt ny tenkemåte rundt seniortilværet. Her får du ikkje berre ein ny heim, du får òg tilgang til dedikerte fellesområde som gir deg eit sosialt fellesskap med nye og kanskje gamle vener i same alder.

Fellesstova – hjarta i tunet
I første etasje i midtbygget finn du fellesstova – sjølve hjarta i Prestegardstunet. Med sine ulike soner, er dette den sosiale samlingsplassen for alle i sameiget.
Her legg den lune peisestova til rette for korte og lange kaffidrøsar, anten det er vêr og vind som er tema, eller meir omfattande verdsproblem som skal løysast. Kanskje finn du og naboen roa med kvar sitt strikketøy framfor peiselden?
Det koselege allrommet inneheld både eit ope og moderne felleskjøken, gedigent langbord med plass til mange, og fleire små og store sitjegrupper. Her kan du og naboar skapa felles hyggestunder over ein god middag eller eit brett vaflar, kanskje akkompagnert av flotte tonar frå pianoet? Allrommet innbyr samtidig til eit vell av aktivitetar som ikkje krev «kokkelering». Her kan ein samlast til quiz-kveldar, kort- og brettspeling, eller kanskje heia fram eit nytt OL-gull?
I det romslege og velutstyrt treningsrommet kan du køyra på med dagens trimøkt, anten åleine eller saman med andre. Treningsrommet fungerer også ypparleg til yogasamlingar og andre aktivitetar.
Har du behov for eller berre lyst på litt ekstra pleie, la gjerne behandlarane koma til deg! Vis-à-vis treningsrommet får du tilgang eit eige behandlingsrom som kan nyttast av frisørar, fysioterapeutar, hud- og fotpleiarar mm.
I tilknyting til fellesstova finn du også dei to gjesteromma til sameiget. Her kan du booka plass og innlosjera familie og vener i innbydande og fullt utstyrte «hotellrom» med eigne terrasseplattingar.
Husverten er her for deg!
Er du i stuss om korleis du stiller inn det nye ventilasjonsanlegget så du får akkurat den komforten du vil ha i leilegheita di? Får du familie på besøk og skulle ha booka gjesterommet for nokre netter? Lurer du på kva tid behandlingsrommet er ledig for fotterapeuten din? Skulle du kanskje hatt litt hjelp til å tromma saman ein golfrunde med naboane, eller prøvesmaking av årets pinnakjøt oppunder jul? Eller treng du berre ein hyggeleg person å slå av ein kjapp prat med mens du ventar på drosjen?
I Prestegardstunet får du din eigen husvert, som er her for å hjelpa deg med alt dette – og mykje meir. Verten eller vertinna blir den varme, gode medspelaren som skal gjera innflyttinga di så smidig som mogleg, ta seg av organisering og stell av fellesområda, vera initiativtakar og tilretteleggjar for felles aktivitetar (iallfall den første tida), og ikkje minst vera ein ressursperson som er der om du skulle trenga litt hjelp med små og store praktiske ting i kvardagen. Om fellesstova er hjarta i tunet, er husverten den som bidrar til god kvilepuls – både på privaten og fellesen.

* Utgiftene til ei halv stilling som husvert er ein del av fellesutgiftene. Etter ein oppstartsfase, avgjer sameiget sjølv varigheita og omfanget på denne tenesta.

Sameiget har bil – så du slepp
Vil du spara kostnader ved å kvitta deg med bilen? Har du kanskje gjort det allereie? Uansett, vil det truleg dukka opp situasjonar der du tenker at «no hadde det vore jysla praktisk med tilgang til bil». Kanskje du skal handla litt ekstra til eit hyggeleg lag, møta ein kompis til fjelltur, henta ein uhamsleg pakke, eller ha med deg barnebarnet heim etter trening på Vikahaugane?
I Prestegardstunet har me tenkt på dette òg. Derfor disponerer sameiget ein elbil med god rekkevidde, som alle kan nytta seg av. For å reservera bil til ditt gjeremål, vender du deg ganske enkelt til husverten og bookar eit ledig tidspunkt.
KORT OM UTBYGGAREN:
Valvatne Bygg
Prestegarden Utvikling har valt Valvatne Bygg AS som utbyggar av Prestegardstunet. Valvatne Bygg er ein del av den tradisjonsrike Valvatne-gruppa på Stord, og dei familieeigde selskapa i gruppa har drive trelasthandel og byggeverksemd i sunnhordlandsregionen i seks generasjonar – heilt sidan 1900.
Valvatne Bygg har i ei årrekke bygd ut større og mindre bustadfelt, enkelthus og leilegheitsbygg på Stord og i nabokommunane. Det har gitt selskapet solid erfaring og kompetanse på slike prosjekt. Denne lokale ekspertisen blir supplert med medlemskapen i landets største bustadbyggjarkjede, Blink Hus (Mestergruppen), som gir tilgang til ytterlegare kompetanse. I tillegg til bustadbygginga har Valvatne Bygg utført tømrararbeida på ei rekkje større prosjekt både i offentleg og privat regi.
Valvatne Bygg sysselset i dag rundt 40 tømrarar og har eiga målaravdeling. I tillegg består Valvatne-gruppa av byggjevaresenteret XL-Bygg Valvatne og Sigdal-forhandlaren Stord Kjøkkensenter.