Flotte uteareal

Eit skikkeleg tun krev eit godt uteområde, og solrike Prestegardstunet er ikkje noko unntak. 

Illustrasjonsfoto.

Utanfor fellesstova blir det etablert ein flott, frodig og vestvendt hage med gode utemøblar. Dette blir ein perfekt stad å nyta felles måltid eller berre ein kaffikopp på varme godversdagar.

Hagen blir òg ein god stad for aktivitetar, både for store og små. Her kan du bryna ferdigheitene dine på eigen petanquebane, leika med barnebarna, eller kanskje utfordra naboen i eit slag krokket utpå plenen?

I Prestegardstunet har du dessutan gode vilkår for dyrka vidare på interessa for det som spirer og gror. Hagen i Prestegardstunet har nemleg både drivhus og rom for kjøkkenhage, der dei grøne fingrane dine kan ta seg ut. Kanskje er det dine rørte jordbær som blir serverte saman med lappekakene når naboar møtest ute ein flott sommardag?

Godt med parkeringsplassar og eit oversiktleg veganlegg sørger for ryddig og trygg trafikkavvikling – både for bebuarar og besøkande.

Situasjons- og utomhusplan