Nærområde

Prestegardstunet ligg flott plassert i bydelen Nordbygdo – i det som tidlegare var utmarka til Tyse-garden. Her bur du på ærverdig grunn. Garden har husa prestebustad sidan 1648, og det var også på Tyse at Stord Seminarium – forgjengaren til Stord-campusen av Høgskolen på Vestlandet – blei etablert i 1839.

Foto: Magnus Johan Steinsvåg / Fylkesmannen i Hordaland.

Kulturlandskapet i Nordbygdo er forma frå stein- og bronsealder fram til i dag. Jordbruket har stått sentralt, men i nyare tid har bydelen også blitt eitt av dei mest populære bustadområda i Stord.

I Prestegardstunet kan du altså leva urbant og landleg på same tid. Her bur du i ei flott og moderne leilegheit, med butikk, post, golfbane og idrettsanlegg like i nærleiken – og berre ein kort køyretur til Vikjo og Heiane. Samtidig har du luft og rom rundt deg, rikeleg med sol om veret spelar på lag, og kort veg til natur og friluftsliv i skogen, fjellet eller ved sjø og ferskvatn.

Med plasseringa aust i det veletablerte bustadfeltet i Tysemarkjo, blir Prestegardstunet del av eit livleg og variert nærmiljø der alle generasjonar er representerte. Det er kort veg til skular og barnehagar, om det er din tur til å følgja eller henta dei yngste i familien. Her ligg alt til rette for ein aktiv, men samtidig avslappa kvardag – heilt fri for plenklipping, måling, snømåking og andre vedlikehaldsplikter knytt til hus og hage.

Tett på det meste

Handel

Manglar du noko til hushaldet, finn du det du treng i lokalbutikken Spar Haga – berre ein liten rusletur unna. Butikken har både ferskvaredisk, Post i butikk, bank- og tippetenester.

På garden Lundemannsverk, vel 700 meter i luftlinje nord for Prestegardstunet, kan du kjøpa kortreiste, økologiske egg og grønsaker i sesong i den nyetablerte gardsbutikken.

Det er elles berre fire-fem minutts køyring til Leirvik sentrum, medan bilturen til Heiane tar deg rundt åtte minutt.

Prestegardsskogen idrettspark

Idrettsanlegget i Prestegardsskogen og nærmiljøanlegget ved Nordbygdo ungdomsskule, lokalisert like sør for Prestegardstunet, har flotte fasilitetar for fysisk aktivitet – anten du vil trimma i helsesportløypa eller slenga deg rundt i Tarzan-jungelen. Eiga gang- og sykkelbru over Vestlivegen gjer turen bort til anlegga både trygg og enkel.

  • 1,4 km lang turløype/helsesportløype med lys – asfalt- og grusunderlag
  • Fotballbanar
  • Fleirbrukshall med full handballbane (volleyball/basket)
  • Aktivitetsbane for handball og fotball
  • Delanlegg for friidrett (løpebane og lengdegrop)
  • Nærmiljøanlegg med sandvolleyballbane, Tarzan-jungel, turnbasseng, aktivitetsanlegg og skateboardbane
  • Pistolbane – driven av Stord Pistolklubb

Stord Golfpark

Er du bitt av golfbasillen, kan du halda fram med å perfeksjonere kunstene dine i Stord Golfpark – som berre ligg eit lite utslag nordaust for Prestegardstunet. Golfbanen tilbyr flotte fasilitetar i form av en ni-hols bane (3796 meter), driving range, innandørs minigolfanlegg, og eit klubbhus som kan leigast som selskapslokale.

Stord Hestesportsenter

Glad i å driva med eller sjå på hest? Hestesport­senteret på Nordre Tveita, like vest for Prestegardstunet, har gitt trav- og rideinteresserte på Stord fantastiske fasilitetar for trening og konkurranse året rundt. Anlegget omfattar treningsløype for trav og riding, ridehallar for innandørstrening og konkurransar, stallplassar, utandørs ridevolte, kafé, garderobar og klubbhus.

Friluftsliv

Prestegardstunet ligg midt i smørauga for deg som vil dyrke friluftslivet og nyta naturen, med kort veg til skog, sjø og fjell. Her er det berre å snøra på seg skorne, eller hiva seg på sykkelsetet.

Ådlandsvatnet byr på flotte bade- og fiskemoglegheiter, og turløypa rundt vatnet er blitt ein populær arena for alt frå rolege søndagsturar til tøffe treningsøkter – både til fots, på sykkel og ski – om snøforholda er gode nok. Det offentlege friluftsområdet på austsida av vatnet er tilrettelagt med parkering og toalett, og i Stuvika på vestsida er det bygd ein flott gapahuk med grillmoglegheiter. Ådlandsvatnet blir òg brukt til skøyteaktivitetar vinterstid.

I den praktfulle og populære Hystadmarkjo kan du rusla eller jogga på ein flott turveg som slynger seg gjennom skog og viker. Hystadmarkjo har fleire badeplassar og nes du kan fiska frå, og er tilrettelagt med parkering i begge ender av turløypa. I friluftsområdet kjem du òg tett på historia, i form av fleire gravrøyser frå bronsealderen og ein gammal kyrkjegard der ofra for koleraepidemien blei gravlagde på slutten av 1700-tallet og byrjinga på 1800-tallet.

Delar av Hystadmarkjo er verna som naturreservat etter Naturvernlova, og i reservatet finner du flott svartorskog med store innslag av kristtorn. Og har du ikkje fått med deg den fantastiske kvitveisbløminga om våren, har du noko å sjå fram til!

Stordafjellet lokkar alltid med vakker natur, fantastisk utsikt, flott turterreng og mange gode fiskevatn. Her ligg også skistadionen på øya, med eiga lysløype for turar og trening. I området mellom skistadion, Fjellstova og Lundsseter kraftverk finst gode parkeringsmoglegheiter. Med bar veg er det òg mogleg å køyra opp til Heio ved foten av Kattnakken, eit godt utgangspunkt for fleire ulike turalternativ. Ved Heio startar også Fossatrappo, den vel 500 trinn lange sherpatrappa opp Fossabrekko til Kvelve. Herifrå kan ein gå vidare opp til hytta på Stovegolvet.

Skulehagen ved høgskulen på Rommetveit er perfekt for ein kort spasertur. I rette årstida byr det flotte parkanlegget på staselege tre, velfriserte plenar og blomebed som bognar – noko som gjer skulehagen til ein ynda stad for bryllaupsfotografering. Følger du stien heilt ned til stranda i Breivikjo, freistar det kanskje med ein aldri så liten dukkert?

Båtliv

I Sævarhagsvikjo driv Rommetveit Båtlag småbåthamn med plass til 424 båtar i storleikar opp til 50 fot. I den lune, trygge hamna har båtfolket eit flott utgangspunkt for å nyta sunnhordlandsbassenget i all si prakt, og du skal ikkje langt av garde for å finna gode fiskeplassar. Båthamna dannar òg nordre innfallsport til naturområdet Hystadmarkjo.