Trygge, praktiske og delikate leilegheiter

Prestegardstunet kan tilby totalt 35 nye og trappelause leilegheiter på eitt plan, fordelt på tre bygningskroppar med tre etasjar. Leilegheitene kjem i storleikar mellom 49 og 105 kvadratmeter, og det er lagt vekt på gjennomtenkte og praktiske planløysingar som gjer kvardagen så enkel og komfortabel som mogleg.

Illustrasjonsfoto.

Alle bustadene har eitt eller to soverom, minst eitt romsleg bad, bu, og ikkje minst ei triveleg og fin stove kombinert med eit innbydande og velorganisert kjøkken – der store vindaugsflater sørger for godt innslepp av naturleg lys.

For å gjera det lettare for deg å navigera i mangfaldet av fargar og materialar når du skal innreia di leilegheit, har me sett saman tre smakfulle interiørpakkar med forslag til delikate fargepalettar, golvtypar, kjøken- og baderomsfrontar og fliser. Du vel løysinga som fell i smak hos deg, anten du går for ein av pakkane i sin heilskap, eller vel å kombinera farge- og materialval frå ulike pakkar. Du står òg fritt til å velja dine heilt eigne interiørløysingar, men dette blir då eit tilval (sjå under).

Kjøkena me har valt ut i dei tre interiørpakkane har innreiing i moderne stil frå kvalitetsleverandøren Sigdal, med integrerte kvitevarer frå Elektrolux. Bada inneheld vegghengt toalett, dusjveggar i glas og baderomsinnreiing frå Sigdal.

Leilegheitene blir bygde med energisparande løysingar som vassboren varme og balansert ventilasjon med varmegjenvinning, som saman gir eit komfortabelt og allergivenleg inneklima. Bada får i tillegg elektrisk varme i golva.

Bustadene i første etasje har terrassar på bakkeplan, mens leilegheitene i andre og tredje etasje har balkongar. I tillegg til den innvendige bua, disponerer kvar leilegheit òg ei ekstra bu i kjellaren i midtbygget.

For meir informasjon, sjå gjerne rombeskriving og generell beskriving.

Tilval

Ønskjer du eigen carport eller elbilladar til den nye bustaden din i Prestegardstunet, er det mogleg som eit tilval – mot tillegg i pris. 

Som tilval er det òg fullt mogleg å innreia leilegheita di med andre farge-, material- og produktval enn dei tre interiørpakkane me har valt ut. 

Illustrasjonsfoto

Moglegheit for Husbank-
finansiering

Alle dei 35 leilegheitene i Prestegardstunet er kvalifiserte for finansiering gjennom Husbanken, og det er søkt  om slik finansiering til prosjektet.  

Blir søknaden innvilga, betyr det at du som kjøpar har moglegheit for å låna inntil 85 % av kjøpesummen i Husbanken – til gunstige vilkår. 

Felleskostnader

Felleskostnadene i Prestegardstunet vil ligga på rundt 2700 til 4700 kroner per månad, avhengig av storleiken på leilegheita di. Felleskostnadene dekker sameiget sine utgifter til kommunale avgifter, forsikringspremie, husvert, lys, varme og vask i fellesareal, reparasjonar og vedlikehald av fellesareal, heiskostnader, ventilasjon i fellesareal, leige, drift og lading av sameige sin elbil, pianostemming, brøyting, revisjon og rekneskap, samt diverse.

Planteikningar